Notater |
- Lærdal BB skriver:
I 1747 var Johannes på tur til Vang i Valdres. Der kom han i klammeri med ein annan lærdøl, Per Person Nedre Eri. Dei brukte "håndvåpen" (mest truleg kniv) og laut ut med 54 lodd sølv kvar til bøter og "badskjærlønn" (sårlegelønn), så det hadde nok gått hardt og blodig for seg.
Johannes vart tiltala for å ha halde "vakestove" med spel og dans då faren låg lik. Johannes unnskylda seg med å seia, som sant var, at denne skikken hadde dei hatt i bygdi frå "Arild tid", og som den "enfoldige mann" han var, kjende han ingi ny lov som forbaud dette. Han baud likevel 10 rdl til dei fattigemot at saki vart lagt bort, og det gjekk futen med på.
|